Åpningstider

ÅPNINGSTIDER


Salsavdeling

Man-Fre: 08.30 – 16.00
Laurdag: Stengt

Verkstad
Man-Fre: 07.15 – 16.30

Autoshop
Man-Fre 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00

Verkstad og service

Ei av hovudmålsetningane i Biltunet Voss er å gje kunden tryggleik og tett oppfølging. Vår moderne mekaniske verkstad er difor viktig, både for reparasjonar, kontrollar og vedlikehald.
For bilpleie gå til Bilpleiesenteret. For bilskade gå til Bilskadesenteret.

Biltunet har i dag 13 mekanikarar fordelt på 6 merker. Ford, Mazda, Nissan, Volvo, Honda og Citroën.

Service

Oljeskift

Skifte av motorolje og filter er det viktigaste du kan gjera for å bevara bilmotoren.

Uavhengig av køyrelengde, anbefaler me å skifta motorolje og filter minst ein gong i året.

Skift av bremsevæske​

Bremsevæska er heilt avgjerande for at bremsane fungerer som dei skal.

Me anbefaler å skifta bremsevæske annakvart år. Då gjer bremsevæska jobben.

Aircondition-service

For å sikra eit godt inneklima i bilen anbefaler me annakvart år å utføra både AC – service og klimarens av kanalane til anlegget.

Eit fungerande klimaanlegg skal gje god kjøling om sommaren og doggfri bil om vinteren.

Hjulinnstilling

Trekker bilen til sida har du truleg behov for hjulstillingskontroll.

Me undersøker om vinkelen på hjula er som den skal og utfører eventuelle korrigeringar.

Serviceavtale

Ein serviceavtale gjer deg full kontroll på kostnadene dine utan overraskingar.

Du vil vita eksakt kva bilhaldet kjem til å kosta per månad.

Automatoljeskift

VIsste du at ved standard automatoljeskift vert berre 1/3 av olja bytta?

Les meir om det gode tilbodet på automatgirservice.

EU-Kontroll

EU-kontroll hjå Biltunet?

Pris NOK 1 395 for personbil under 3,5 tonn. 1 695 for køyretøy over 3,5 tonn.

Kor ofte?

Biltunet utfører EU-kontrollen etter dei krava som mynde har fastlagt.

Målet med EU-kontroll er å gje ei tryggare og meir miljøvenleg bilpark.

Nye reglar

Køyretøyet kan no kontrollerast so ofte ein ynskjer, so lenge det blir utført innanfor intervallane.

Sjølve intervallane for når køyretøyet må vera godkjent blir verande uendra.

Bilglas

Byte av bilglas

Nokon gongar er det naudsynt å byta heile frontruta av ulike årsaker.

Dette gjeld oftast viss skaden er stor, det er ein sprekk i vindauget eller viss sikta er redusert.

Reparasjon av steinsprutskade

Biltunet reparerer dei fleste steinsprutskadar i løpet av kort tid medan du ventar.

Reparasjonen blir dekt av kasko- eller delkaskoforsikring og medfører ikkje bonustap eller eigenandel ved rutereparasjon.

Dekk

Dekkhotell

Me byter, vaskar og lagrar dekka dine under optimale forhold.

Pris frå NOK 890 per sesong.

Byte av dekk / service på dekk

Bestill eit raskt og effektivt hjulskift hjå oss.

Me kontrollerar tilstand, slitasje og lufttrykk på dekka dine.

Sal av dekk og felgar

Treng du nye dekk til personbilen din? Me har eit stort utval av sommar- og vinterdekk.

Me førar kjente merke som Continental, Nokian, Goodyear, Michelin med fleir.

Elbil

Service på elbil

Er det eigentleg naudsynt?
 
Service på bilen forbind me ofte med oljeskift, skifte oljefilter og sjekk av tennpluggar. Kva med service på elbilar?
 
Ein elbil treng openbart ikkje nye tennpluggar, så kva står igjen på sjekklista når det typiske for bensin- og dieselbilar vert fjerna? Må ein i det heile ha service på elbilen?
 
Det er nødvendig å gjennomføra service på bilen i samsvar med serviceheftet for å oppretthalde garantien på bilen.

Fakta om service på elbil

Trass i at elbilen ikkje treng tilsvarande motorservice slik som ein bensin- eller dieselbil, så må den ha same ettersyn slik som bilar med fossilt drivstoff.

Elbilar har på lik linje med bensin- og dieselbilar også understell, bremser, hjuloppheng og andre mekaniske delar, og må derfor også sjekkast jamleg.

På Biltunet Voss AS går me gjennom følgjande punkt når du leverer bilen på service hjå oss:

  • Kontroll av karosseri
  • Fabrikkoppdateringar
  • Batterikontroll med utskrift
  • Demontering, reingjering og smørjing av bremser
  • Ca. 40 kontroll-, justerings- og smørjepunkt iht. Serviceskjema
  • Skifte av pollenfilter
  • Skifte av bremsevæske (kvart 2. år)
  • Skifte av frostvæske (kvart 5. år)
  • Vegassistanse vert forlengja med eit år (vilkår varierar i forhold til merke)

Raskare og rimelegare service

Elbilar har sjølvsagt færre sjekkpunkt ved ein service enn bilar som går på fossilt drivstoff. Det gjer at prosessen vert både raskare og rimelegare.
 
Prisen på service av elbil vert derfor omlag 40% lågare enn service på bensin- eller dieselbilar.
 
Hjå Biltunet Voss AS har me mekanikare som er spesialutdanna på Nissan, Mazda og Ford. Derfor er me eit trygt val når du skal ha service på elbilen din.

Bestill verkstadstime

Fyll ut skjema nedanfor så kontaktar me deg snarleg.

Kontaktinformasjon
Bil-informasjon
Tenester

Kontakt oss

Fyll ut skjema nedanfor så kontaktar me deg snarleg.

Takk for din bestilling

Du vil om kort tid motta en kopi av din bestilling på e-post