Åpningstider

ÅPNINGSTIDER


Salsavdeling

Man-Fre: 08.30 – 16.00
Laurdag: Stengt

Verkstad
Man-Fre: 07.15 – 16.30

Autoshop
Man-Fre 08.00-17.00
Laurdag: 10.00-14.00

Historia til Biltunet

Historia om Biltunet starta i 2001, då tre karar som representerte fire bilbedrifter på Voss, kom saman for å diskutera framtida. Det vart straks semje om at framtida var mykje lysare for alle dersom me kunne samarbeida om eit prosjekt og eit selskap . Avtale vart inngått, og dei fire partnarane etablerte Biltunet Voss AS 1/1 – 2003.

Heile Biltunet samla til opninga

I tur og orden flytta alle inn i nybygget, og 25. mai vart det nye ”bilhuset” offisielt opna, og teke i bruk. Frå den dag har Biltunet Voss vore ein suksess både for kundar, ansatte og eigarar.

Biltunet Voss har i tillegg til salgsavdeling for dei fire nemde merka, også utsal for Polaris ATV og Snøscooter, samt dele- og rekvisitaforretningen Autoshop. På verkstadsida representerar me Volvo i tillegg til våre ”eigne” merker, det er også verkstad for Polaris som Biltunet representerer i distriktet som forhandlar.

FORD MOTOR COMPANY

Ford Motor Company vart skipa 16. juni 1903 av grunnleggjaren Henry Ford, som er kåra til ein av dei viktigaste personane i det 20.århundre. Meir enn nokon annan bidrog han til å setja verden på hjul. Draumen hans var, at folk flest skulle få tilgang til, og ha råd til bil. For at denne draumen skulle realiserast, tok han i bruk samleband, som gjorde det mogeleg å produsera bilar i stort antal. Han gav arbeid til mange, og løna dei godt, slik at også dei skulle få råd til å kjøpa seg ein bil. I toppåret 1923 produserte FMC 2 millionar bilar, og prisen var så låg at «mannen i gata fekk råd til å kjøpa. Johannes Seim var ein Vossing som etter å ha fyllført yrkesskule, drog til Oslo får å læra seg bilfaget. Han gjekk i lære hjå Bertel O Steen, der han fekk fagopplæring og tok fagbrev. Johannes Seim skipa Johs Seim AS i 1919, og etter nokre år med vedlikehald av utstyr til hest og kjerre, tok han tidleg på 20 tallet til å «importera» chassis frå aust, og bygde dei om til utrykningskøyretøy. Det vart mange ambulansar og brannbilar etter kvart som åra gjekk.

Etter at verkstaden hadde lege i krysset mellom Domus og Geitle i Yttrågata, vart det nybygg i Strandavegen og Ford Forhandlar avtale med Ford Motor Norge i 1960. Men allereie i 1922 hadde Johs Seim AS avtale med Ford om å selja bilar for produsenten, og selskapet er nemnt som nr to av bilforhandlarar med slik avtale. Selskapet var i Seim slekta si eige heilt til 1999 då det vart seldt til 4 av dei tilsette.

1.1.2003 gjekk Johs Seim Bil inn i det som vart heitande Biltunet
Voss AS, og flytta til nybygg i Skulestadmo der Ford er representert med
sine køyretøy. Det starta med T-Ford og utrykkningskøyretøy til i dag
2018, vel hundre år seinare, og Ford er med på den nye utviklinga av
elektrifiserte køyretøy. Dei mest kjende modellane som Ford har
produsert er T-Forden, Ford Mustang og Ford F250. Av standard bilane er
det Ford Transit, Escort og Mondeo som har seldt mest i moderne tid.

NISSAN

Nissan Motor Co., LTD vart etablert i 1933 i Yokohama City Japan, men hadde sitt eigentlege utspring tilbake til 1914, då mest kjend under navnet Datsun fram til 1986. I dag produserer Nissan køyretøy i 20 land og er i allianse m.a. med Renault og Mitsubishi. Denne alliansen produserte i 2017 mest køyretøy i heile verda, men då ikkje medrekna lastebilar.

Datsun/Nissan var fyrste Japanske bilmerke i Norge, og alt i 1960 kom dei fyrste bilane til landet. Kjende modellar frå tidlegare tider er; Cherry, Sunny, Bluebird, Laurell, 240Z – 300ZX, Primera, Patrol og King Cab. Nyare modellar er m.a Qashqai, X-Trail, Micra, Navara og Leaf. El-bilen, Leaf, frå 2010 er i dag den mest selde el- bilen i verda, og er eit populært satsingsobjekt for Nissan.

Torgils Klette Bil og Maskinservice vart skipa i 1971 av Torgils Klette. Han starta opp i Lekvemoen på Vangen med reparasjonar av bilar og maskiner, og begynte så etter ei tid med formidlingssal av SAAB og etterkvart også Opel på Voss. I 1983 vart han agent for Norheimsund Auto AS som var på Voss ein gong i veka og selde Datsun bilar. Då hadde verksemda flytta inn i nye lokale i Vossabygg. Firmaet vart eigen forhandlar av Nissan i 1993 etter også ha vore underforhandlar av Vestbil i Bergen. Etter ekspansjonen i 1996 vart selskapet heitande Torgils Klette Bil AS.

MAZDA

Jujiro Matsuda, som han heitte, starta i 1920 i Hiroshima produksjon av pakningar og korklaminerte finerplater. I 1929 begynte konsernet å laga Toyo maskinverktøy, hovudsakeleg fjellboremaskiner, og to år seinare fylgde så dei fyrste køyretøya. Det var den 3-hjulte varemotorsykkelen Mazdago med 500 kg nyttelast. I 1940 såg ein prototype av ein Datsun-liknande personbil dagens ljos, men vart ikkje til noko meir, då Japan gjekk inn i krigen ved Pearl Harbor. Toyo Kogyos oppgåve vart no å produsere gevær til infanteriet. Me kjenner alle til kva som skjedde i Hiroshima i 1945, då alt vart øydelagt, og det tok mange år å byggja opp att landet, så også bilindustrien.

Frå 1963 vart minibilen Carol supplert med dei større Familia 800 og 1200, som seinare vaks under panseret til å heita Mazda 1000/1300. Eit av Mazda sine knep for å slå an i vesten, var å henta hjelp frå mellom anna Bertone for å få meir dreis på utsjånadane til dei ulike modellane. Dette var eit smart og lurt trekk og noko anna enn dei andre bilprodusentane i Japan fekk til. I 1966 vart den større 1500 Luce (seinare 1600 og 1800) introdusert. Same år sendte Mazda ein 1500 og en varebil med ei flytande japansk industriutstilling til Oslo.

Ein av dei som kom seg langt nok ned i skipet for å få sjå bilane, var Tom Kolberg. Han høyrde til ein norsk tredje generasjon bilimport-familie, og kort tid etter reiste han til Japan for å sikra seg agenturet. Alt året etter vart Kolberg Motors AS etablert. I 1967 vart det selt 139 Mazda personbilar i Norge, og året etter var talet stige til 658, ein heil prosent av marknaden – eit prosenttal som vart dobla i 1969 med 1926 nye registreringar. Den fyrste taxien vart registrert same år, og da tiåret var omme, gjekk det 2666 Mazda personbilar, samt 146 varebilar med norske skilt. Merket Mazda hadde no fått fotfeste her heime.

Dei ekspansive 70-åra I 1971 nådde Mazda posisjonen som det mest selde japanske bilmerket i Noreg med ein marknadsdel på 7,6 % på personbilar og 4,9 % på varebilar. Talet på merket Mazda i den norske bilparken hadde no vorte femsifra. Fire år seinare var Mazda det mest selde bilmerke i Noreg med ein marknadsdel på totalt 11,9% på personbilar og 5,7% på varebilar. Det rulla no 50.000 registrerte Mazda bilar på norske vegar, ein utruleg prestasjon då det berre var 9 år sidan merket vart introdusert her i landet! 1977 vart eit svart år for totalmarknaden for personbilar i Noreg; då vart salet halvert og Mazda sin del gjekk det enda verre med.

 

På Voss….

Dei ekspansive 70-åra I 1971 nådde Mazda posisjonen som det mest selde japanske bilmerket i Noreg med ein marknadsdel på 7,6 % på personbilar og 4,9 % på varebilar. Talet på merket Mazda i den norske bilparken hadde no vorte femsifra. Fire år seinare var Mazda det mest selde bilmerke i Noreg med ein marknadsdel på totalt 11,9% på personbilar og 5,7% på varebilar. Det rulla no 50.000 registrerte Mazda bilar på norske vegar, ein utruleg prestasjon då det berre var 9 år sidan merket vart introdusert her i landet! 1977 vart eit svart år for totalmarknaden for personbilar i Noreg; då vart salet halvert og Mazda sin del gjekk det enda verre med.

Kontakt oss

Fyll ut skjema nedanfor så kontaktar me deg snarleg.