mazdalogo

Korleis starta eigentleg Mazda-eventyret?

Med kork!

Jujiro Matsuda, som han heitte, starta i 1920 i Hiroshima produksjon av pakningar og korklaminerte finerplater. I 1929 begynte konsernet å laga Toyo maskinverktøy, hovudsakeleg fjellboremaskiner, og to år seinare fylgde så dei fyrste køyretøya. Det var den 3-hjulte varemotorsykkelen Mazdago med 500 kg nyttelast. I 1940 såg ein prototype av ein Datsun-liknande personbil dagens ljos, men vart ikkje til noko meir, då Japan gjekk inn i krigen ved Pearl Harbor. Toyo Kogyos oppgåve vart no å produsere gevær til infanteriet. Me kjenner alle til kva som skjedde i Hiroshima i 1945, då alt vart øydelagt, og det tok mange år å byggja opp att landet, så også bilindustrien.

Frå 1963 vart minibilen Carol supplert med dei større Familia 800 og 1200, som seinare vaks under panseret til å heita Mazda 1000/1300. Eit av Mazda sine knep for å slå an i vesten, var å henta hjelp frå mellom anna Bertone for å få meir dreis på utsjånadane til dei ulike modellane. Dette var eit smart og lurt trekk og noko anna enn dei andre bilprodusentane i Japan fekk til. I 1966 vart den større 1500 Luce (seinare 1600 og 1800) introdusert. Same år sendte Mazda ein 1500 og en varebil med ei flytande japansk industriutstilling til Oslo.

Ein av dei som kom seg langt nok ned i skipet for å få sjå bilane, var Tom Kolberg. Han høyrde til ein norsk tredje generasjon bilimport-familie, og kort tid etter reiste han til Japan for å sikra seg agenturet. Alt året etter vart Kolberg Motors AS etablert. I 1967 vart det selt 139 Mazda personbilar i Norge, og året etter var talet stige til 658, ein heil prosent av marknaden – eit prosenttal som vart dobla i 1969 med 1926 nye registreringar. Den fyrste taxien vart registrert same år, og da tiåret var omme, gjekk det 2666 Mazda personbilar, samt 146 varebilar med norske skilt. Merket Mazda hadde no fått fotfeste her heime.

Dei ekspansive 70-åra I 1971 nådde Mazda posisjonen som det mest selde japanske bilmerket i Noreg med ein marknadsdel på 7,6 % på personbilar og 4,9 % på varebilar. Talet på merket Mazda i den norske bilparken hadde no vorte femsifra. Fire år seinare var Mazda det mest selde bilmerke i Noreg med ein marknadsdel på totalt 11,9% på personbilar og 5,7% på varebilar. Det rulla no 50.000 registrerte Mazda bilar på norske vegar, ein utruleg prestasjon då det berre var 9 år sidan merket vart introdusert her i landet! 1977 vart eit svart år for totalmarknaden for personbilar i Noreg; då vart salet halvert og Mazda sin del gjekk det enda verre med.

På Voss….

Knut Vodju Horvei var den fyrste som selde Mazda på Voss, og han heldt på til 1970 då Br. Wigand avd. Voss tok over som forhandlarar. Dei hadde agenturet til 1984 då Langeland Auto AS kjøpte og overtok drifta av Mazda på Voss. I 1971 var Mazda det mest selde merket i Noreg, og modellen som den gong trona øvst på sals statestikken var Mazda 323. Langeland Auto AS selde Mazda og seinare Hyundai gjennom forretninga på Palmafossen heilt fram til 2003. I 2004 vart selskapet ein del av eit nyskipa selskap med namn Biltunet Voss AS og flytte inn i nybygget i Skulestadmoen.

Etter at Mazda atter ein gong stod på eigne bein, etter ekteskapet med Ford, vart det sett i gang ei revitalisering av produkta, som både gav seg uttrykk i gode tekniske løysingar, men også i spanande design. Dette resulterte i at Mazda CX5 vart den mest selde SUV’n i Noreg åra 2014 og 2015. På Voss har Mazda CX5, saman med «vesle broren» Mazda CX3 slått godt an med 4×4 og eit spanande og tidsriktig design. Mazda har gjennom mange år hatt ein sterk posisjon i marknaden på Voss og området rundt, og me ser no fram til fortsetjinga med nye elektrifiserte køyretøy, som synest å vera framtida.

Stina Jansen
Salg Mazda/Nissan
Direktenr: +47 92 86 65 53
Epost: stina.jansen@biltunet.no