fordlogo

Ford Motor Company vart skipa 16. juni 1903 av grunnleggjaren Henry Ford, som er kåra til ein av dei viktigaste personane i det 20.århundre. Meir enn nokon annan bidrog han til å setja verden på hjul. Draumen hans var, at folk flest skulle få tilgang til, og ha råd til bil. For at denne draumen skulle realiserast, tok han i bruk samleband, som gjorde det mogeleg å produsera bilar i stort antal. Han gav arbeid til mange, og løna dei godt, slik at også dei skulle få råd til å kjøpa seg ein bil. I toppåret 1923 produserte FMC 2 millionar bilar, og prisen var så låg at «mannen i gata fekk råd til å kjøpa.

Johannes Seim var ein Vossing som etter å ha fyllført yrkesskule, drog til Oslo får å læra seg bilfaget. Han gjekk i lære hjå Bertel O Steen, der han fekk fagopplæring og tok fagbrev. Johannes Seim skipa Johs Seim AS i 1919, og etter nokre år med vedlikehald av utstyr til hest og kjerre, tok han tidleg på 20 tallet til å «importera» chassis frå aust, og bygde dei om til utrykningskøyretøy. Det vart mange ambulansar og brannbilar etter kvart som åra gjekk.

Etter at verkstaden hadde lege i krysset mellom Domus og Geitle i Yttrågata, vart det nybygg i Strandavegen og Ford Forhandlar avtale med Ford Motor Norge i 1960. Men allereie i 1922 hadde Johs Seim AS avtale med Ford om å selja bilar for produsenten, og selskapet er nemnt som nr to av bilforhandlarar med slik avtale. Selskapet var i Seim slekta si eige heilt til 1999 då det vart seldt til 4 av dei tilsette.

1.1.2003 gjekk Johs Seim Bil inn i det som vart heitande Biltunet Voss AS, og flytta til nybygg i Skulestadmo der Ford er representert med sine køyretøy. Det starta med T-Ford og utrykkningskøyretøy til i dag 2018, vel hundre år seinare, og Ford er med på den nye utviklinga av elektrifiserte køyretøy. Dei mest kjende modellane som Ford har produsert er T-Forden, Ford Mustang og Ford F250. Av standard bilane er det Ford Transit, Escort og Mondeo som har seldt mest i moderne tid.

Kåre Norevik
Salgsansvarleg Ford
Direktenr: +47 90 95 66 64
Epost: kaare.norevik@biltunet.no