Kjære Biltunet kunde!

Koronaviruset pregar alle sine kvardagar og det er ein krevjande periode me er i. Me deltek alle i ein felles dugnad for å avgrensa smitta. Det er no me må visa omsorg og ta vare på kvarandre, og det gjer me ved å unngå kontakt. Biltunet følgjer situasjonen tett. Basert på gjeldene tilrådingar frå styresmaktene har me tatt nødvendige grep for å redusera smittefaren. Me vil her informera korleis desse tiltaka påverkar deg som kunde

Opningstider

Styresmaktene definerar delar av verksemda vår som samfunnskritisk, då me hjelper å bidrar til å halda oppe viktige transporttenester. I tråd med desse retningslinjene har både verkstad og sal vanlege opningstider.
Autoshop er stengd frå og med 17.03.

Privatpersonar kan bestilla varer på e-post: autoshop@biltunet.no

Generelle tiltak for Biltunet:

  • Handhelsing blir unngått, men me møter deg med eit smil og held anbefalt avstand
  • Biltunet har gode rutiner for regelmessig og grundig handvask
  • Dei tilsette brukar hanskar når dei handterer kundebilar
  • Karantenereglane knytt til våre tilsette av helsmyndighetene blir overhalde

For deg som har kjøpt eller ønsker å kjøpa bil

Tiltak ved prøvekøyring:

  • Demobil blir desinfisert grundig etter kvar prøvekøyring og prøvesitting
  • Nyklane blir desinfisert både før og etter prøvekøyring
  • Me nyttar hanskar og beskyttelsestrekk ved behandling av bilen

Tiltak ved utlevering av bil:

  • Bilen blir desinfisert på alle kontaktflater før utlevering
  • Nykkelsettet blir òg desinfisert
  • Me nyttar hanskar og beskyttelsestrekk ved behandling av bilen
  • For å få ei så rask utlevering som mogleg ber vi deg setja deg godt inn i informasjonen me sender deg på førehand
  • Det vil dessverre ikkje vera mogleg å ha ein vanleg gjennomgang der me sit saman i bilen

Har du bestilt bil – men har ikkje moglegheit til å henta bilen hos forhandlar?
Me legg til rette utlevering av bilen til kundar, og er fleksible for å løysa situasjonar som gjer det vanskeleg å gjennomføre utlevering som planlagt. Ring oss på 56 52 08 00  eller send e-post til post@biltunet.no, så høyrer du frå oss snarast.

Verkstaden – ei viktig rolle

Du har nok merka at bilen speler ei stor rolle i den spesielle kvardagen me er i. Då er det ekstra viktig å sørga for at bilen fungerer optimalt utan uforutsette hendingar. Følg serviceintervallet som vanleg. Og kontakt oss dersom det skulle vera noko. Under kan du lesa korleis me går fram i samband med verkstadstime.

Tiltak ved verkstadstime:

  • Me bruker hanskar når me handterer bilen din
  • Bilen desifiserast før og etter verkstadstenesta
Eg har bestilt time på verkstad – men har ikkje moglegheit til å møta som avtalt

Er du i karantene eller opplever symptom? Me er behjelpelege og er fleksible for å løysa situasjonar som gjer det vanskeleg å gjennomføra verkstadstime som avtalt. Ring oss på 56 52 08 00  eller send e-post til post@biltunet.no, så finn me ein måte å løysa det på

Bilen min er ferdig – men eg har ikke moglegheit til å hente som avtalt.

Pga. Sterkt redusert bemanning har me dessverre ikkje moglegheit til heimkøyring av bil. Då ber me deg kontakte familie, vener eller kjente for å få hentet bilen din. Dersom dette ikkje let seg gjere, kontakter du oss på tlf 56 52 08 00  eller sender ein e-post til post@biltunet.no, så vert me einig om ei løysing.

Me oppmodar generelt alle besøkande om å følgja råda som styresmaktene gir om god og hyppig handhygiene og halda avstand til kvarandre, men det er òg viktig for oss og stå saman i ei vanskeleg tid. Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko me kan bidra med framover

Hilsen

Nils Klette
Daglig leder Biltunet

Tips til god håndvask. Slik vaskar vi hendene på Bilunet

Ein liten video for å hjelpa dei minste med håndvasken